Jump to content

Mann for sin hatt


Marlinman

Recommended Posts

Kammeret bør ha sin eigen hattetråd så den er med dette starta!

"Mann med hatt" er dessverre blitt eit negativt uttrykk. Og med Marve Fleksnes fekk hatten sitt definitive banesår. Og det er synd...

 

Etter mitt syn er hatt eit svært undervurdert hovudplagg så lenge kvikksølvet held seg på den raude delen av skalaen.

Når det er sol så har ein skugge for augene og dei av oss som er blitt tynne i hyssingen slepp å bli solbrent i skallen.

Når det regnar held den regnet vekk frå brillene og hindrar vatn ned i nakken.

 

I samband med jakt, fiske og friluftsliv er det meir akseptert å gå med hatt, men prøver du til kvardags vert du snart stempla som kåbboy. Eg har ikkje hest, likar verken country eller western, men eg går med hatt. Det følest litt rart til å byrja med, men etter ei stund er det noko som manglar når ikkje hatten er på når ein går ut!

 

Så då vert oppfordringa: Fleire må bli mann for sin hatt!

 

For at det skal vera noko stas må hatten ha ein viss stil og kvalitet. Det held ikkje med ein kåbboyhatt til 150 spenn kjøpt i salsbodane som dukkar opp som paddehattar ved sjølv den minste festival (borna mine kallar dei politisk ukorrekt for pakkissjapper)

 

Når det er litt kjølig i veret er ein hatt i tova ull eit godt val. Eg tenkjer ikkje då på det som alle iførte seg rundt 1994 og var kjent som rallarhatt. Desse var ofte uformelege og mista forma nokså snart. Eg har ein tova ullhatt som eg har bruka i sikkert 20 år, den er hardt tova og held framleis fasongen. Den kan og fint brukast når det regnar. Ulla den er tova av er nærast vassavstøytande. Eg kjøpte min på ei husflidsmesse ein eller annan stad.

 

Skal ein ha ein meir klasisk hatt, utan å sjå ut som John Wayne, så har Barmah Hats mange fine modellar (styrer du unna krokodilletennene så vert du ikkje Crocodile Dundee heller)

1024BR.jpg

Denne i olja bøffelskinn held regnet ute lenge og skulle sola dukka fram så garanterar produsenten solfaktor 50+

1057KH.jpg

Når sola steiker er denne med canvas brem og netting pull luftig og fin.

Eg har kjøpt mine frå http://www.oilskin.com/ . Kjapp levering frå Australia.

 

Skal ei smygjakta hjort kjem ein sjølvsagt ikkje utanom denne:

FLanczos_Q90_sr_mista_deerstalker.jpg

Deerstalker hat i tweed. Det skal kanskje meir mot til å iføra seg ein slik, men klassisk er den...

 

Og er ein mann for sin hatt og det er blått på termometeret så tek ein på ein slik:

mens-hats-2-144.jpg&w=300&h=300

Eg lyt tilstå at eg enno ikkje har mota meg opp til å gå med denne offentleg...

Link to comment
Share on other sites

Har brukt hatt i 30 år på jakt og fisketurer. Kjøpte en filthatt i "Ferd Bear stil" i ei buejaktsjappe i unaiten i 79 som var utslitt i 05, fant da en sammenrullbar filthatt på nett som har fulgt meg siden når det er nogenlunde varmt. Er det kalt bruker jeg en tovet hatt av moskusull som ble kjøpt på Rørosmartnaen for 15 år siden som er ekstremt god og varm.

Det er flere fordeler med hatt som jeg setter pris på. For det første så er du ikke våt før det renner vann nedover nakken på deg og det gjør det aldri hvis du har en hatt son er imprignert riktig. Der er heller aldri lett å se noe i skarpt motlys, spesielt utpå høste når sola henger lavt, da er det godt å ha en hattebremm som hindrer lys direkte i øynene. Du har heller ikke noe over ørene som demper lyden når losen trekker ut i geografien og begynner og bli tynn eller reven kommer luskende i grasset. På fisketur med fluestanga og litt vind er det ikke altid flua går helt dit du vill og da funker hatten fint som "hjelm" og beskyttelse mot skarpe kroker på avveie.

Mangen argumenterer for caps, lue og hette, men til jakt og fiske er det ingen ting som slår en hatt i praktisk bruk. Men jeg må vel vedgå at hvis en sitter litt åpent på post og det blåser og regner vannrett er det av og til godt å trekk fjellduken over hodet eller ei romslig hette men da hjelper hattebremmen til med å holde den unna øynene og ørene slik at en ser og hører ordentlig allikevel.

Link to comment
Share on other sites

Skal ein ha ein meir klasisk hatt, utan å sjå ut som John Wayne, så har Barmah Hats mange fine modellar (styrer du unna krokodilletennene så vert du ikkje Crocodile Dundee heller)

1024BR.jpg

Denne i olja bøffelskinn held regnet ute lenge og skulle sola dukka fram så garanterar produsenten solfaktor 50+

...

 

Jeg har en slik, holder det meste av vær og vind ute. Praktisk sak...

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...