Jump to content

Fabrikkservice på eigenimportert utstyr


Marlinman

Recommended Posts

Det er mange som handlar på nettet og importerar verer /utstyr sjølv. Av og til kan det vera aktuellt å senda dette attende til leverandør eller fabrikk for service og oppgradering. Då er det viktig at papirmølla er i orden, ellers kan ein risikera å betala MVA på nytt for heile verdien av vara.

 

Det som må til er ein "Utførselsdeklarasjon for midlertidig utførsel"

Etter ein del e-postar att og fram til tollarane så har eg kome fram til følgjande:

Finn fram:

Kopi av innførselsdeklarasjonen som ble utstedt ved import

Kopi av faktura som viser verdien på vara

Unik ID på vara(Serienr. el.)

Kontaktopplysingar på avsendar (deg sjølv, Namn, personnummer, Adresse, telefon, e-post.

Adresse til mottakar.

 

Om du bur i nærleiken av ein tollstad så tek du med deg dokumentasjonen og ber om å få utsteda ein "Utførselsdeklarasjon for midlertidig utførsel"

 

Om du har lang vei til tollstaden så kan ein senda dokumentasjonen i lag med eit brev til næraste tollstad der ein ber om å få utsteda ein "Utførselsdeklarasjon for midlertidig utførsel". Du vil få denne attende pr. post.

 

Når du så skal senda vara ut av landet er det VIKTIG at transportøren (for dei fleste av oss, Posten) stemplar deklarasjonen. Ta ein kopi av deklarasjonen og legg ved vara. Instruer mottakar om at den må følgja vara når den returnerast.

 

Når utstyret så kjem attende syner ein til deklarasjonen at det er same vare som kjem attende. Om det då er snakk om gratis service / garanti slepp ein å betala noko meir. Er det ein reparasjon / oppgradering så må ein betala 25% MVA på kostnaden med dette.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...